Invitasjon til workshop «Produktutvikling av biorest?» 11. desember kl. 11.00–15.00

Biorest tørka på anlegg i Nederland, blir eksportert til Frankrike. Foto: Helga Hellesø.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Biogassatsinga i Rogaland inviterer til workshop hos Statsforvaltaren i Rogaland 

Biogassinitiativa, brukarar av biorest, fagpersonar og det offentlege blir inviterte.

Det er arbeidd med produktutvikling av biorest på ulike måtar, og det er ein krevjande prosess å få gode produkt.

Derfor er hensikta med workshopen å

  • få fram nyaste kunnskapen om produktutvikling av biorest
  • få fram krav frå brukarar av biorest
  • få fram manglande kunnskap for å laga gode produkt av biorest
  • legga til rette for produktsamarbeid om biorest

Program

11:00   Registrering og småprating

11:15   Lunsj i kantina til Statsforvaltaren

11:45   Velkommen. Peter Willmann, Klepp kommune.

11:55   Oppskrifter på biogjødsel og vekstmedium. Ekstrahering av næringsstoff.
Arne Sæbø og Dmitry Kechasov, NIBIO Særheim

12:15   Vår satsning på nye produkter
            Fabian Geltz, medeier i bedriften Geltz Umwelt-Technologie, Mühlacker, Tyskland.

 12:35   Korleis kan biorest bli eit interessant produkt? Kva krav stiller bransjen til biorest?

  • for veksthusproduksjonen, Michel Verheul, NIBIO Særheim
  • for landbruket, Reinert Idsø, nestleiar Rogaland Bondelag
  • Salsleddet

13:00   Pause

13:20   Workshop for alle deltakarane

14:50   Avslutning og oppsummering

15.00   Vel heim!

 

Påmelding her innan 4.desember.

 Kostnad: kr. 600.

 Velkommen!

Prosjektet «Kan biogass løysa fosforoverskotet i landbruket?» er ei felles offentleg satsing for å få fram kunnskap om biogass, og legga til rette for kunnskapsformidling ved innføring av nytt gjødselregelverk.

Klepp kommune eig prosjektet og samarbeider med kommunane Hå, Klepp, Time, Stavanger, Vindafjord, Karmøy og Tysvær, samt Statsforvaltaren i Rogaland.

Prosjektet er finansiert av næringsutviklingsmidlar til Rogaland fylkeskommune og Statsforvaltaren i Rogaland sine skjønnsmidlar med eigenandel frå dei deltakande kommunane.