Medlemsmøte hos TINE Meieriet Jæren

Styret i Rogaland Landbrukspark inviterte 26. mai til medlemsmøte hos TINE Meieriet Jæren i Kviamarka.

Ein møteplass for kunnskap, samarbeid og framtidsblikk

Rogaland Landbrukspark samlar 14 medlemsorganisasjonar og fungerer som eit kompetansenettverk for landbruksnæringa i fylket. Målet er å styrke samarbeidet på tvers av fagmiljø og sektorar – og nettopp dette var tydeleg under møtet på Kviamarka.

Dagen starta med omvising på meieriet, der deltakarane fekk innblikk i:

  • Mozzarella-produksjonen som innovasjonsprosjekt
  • Samarbeidet med Miljøgartneriet
  • Flisfyringsanlegget og energiløysingar
  • TINEs arbeid med teknologi, prosessforbetring og berekraft

Anleggssjef Gunn Marit Solli delte erfaringar og svarte på spørsmål.

Fellesmøte: Grasfylket Rogaland i framtida

Etter lunsj samla alle deltakarane seg til eit felles fagmøte med temaet:

«Grasfylket Rogaland i framtiden – hva treffer oss?»

Her vart det løfta spørsmål som:

  • framtidige moglegheiter og truslar for grovfôrproduksjonen
  • korleis bransjen kan stå sterkare saman
  • kva risikoar som må handterast
  • korleis ein kan utnytte nye moglegheiter i marknad og teknologi

Innleiinga vart følgd av ein workshop der deltakarane saman drøfta tiltak og samarbeidspotensialet.