Medlemsmøte hos TINE Meieriet Jæren
Styret i Rogaland Landbrukspark inviterte 26. mai til medlemsmøte hos TINE Meieriet Jæren i Kviamarka.
Ein møteplass for kunnskap, samarbeid og framtidsblikk
Rogaland Landbrukspark samlar 14 medlemsorganisasjonar og fungerer som eit kompetansenettverk for landbruksnæringa i fylket. Målet er å styrke samarbeidet på tvers av fagmiljø og sektorar – og nettopp dette var tydeleg under møtet på Kviamarka.
Dagen starta med omvising på meieriet, der deltakarane fekk innblikk i:
- Mozzarella-produksjonen som innovasjonsprosjekt
- Samarbeidet med Miljøgartneriet
- Flisfyringsanlegget og energiløysingar
- TINEs arbeid med teknologi, prosessforbetring og berekraft
Anleggssjef Gunn Marit Solli delte erfaringar og svarte på spørsmål.
Fellesmøte: Grasfylket Rogaland i framtida
Etter lunsj samla alle deltakarane seg til eit felles fagmøte med temaet:
«Grasfylket Rogaland i framtiden – hva treffer oss?»
Her vart det løfta spørsmål som:
- framtidige moglegheiter og truslar for grovfôrproduksjonen
- korleis bransjen kan stå sterkare saman
- kva risikoar som må handterast
- korleis ein kan utnytte nye moglegheiter i marknad og teknologi
Innleiinga vart følgd av ein workshop der deltakarane saman drøfta tiltak og samarbeidspotensialet.


