Lukt frå biogassanlegg – men kva er lukt?

Line Blytt frå Norwaste var henta inn for å gi oss ei fagleg oppdatering om lukt. Foto: Helga Hellesø.
Det har vore mykje snakk om lukt får biogassanlegg. Og vond lukt likar me ikkje. Men kva er lukt, kor kjem ho frå og korleis oppfattar me lukt? Dette var eit sentralt tema på fagmøtet «Kva betyr biogass for meg som bonde?»18.november i Tysvær.
Lukt = følelsar
Lukt påverkar oss, og lukt er følelsar. Og me opplever lukt så forskjellig. Det som er vond lukt for ein, reagerer ikkje ein annan på. Over 1000 gen styrer luktopplevinga hos mennesket, og sansen er sterkt knytt til smak.
Derfor er lukt eit vanskeleg tema. Det er gjerne nitrogen- og svovelforbindelsar ein kjenner, og det skal små konsentrasjonar til før ein merkar dei.
Det er godkjente metodar for å måla lukt. Godkjente terskelverdiar for lukt er når 50% av testpanlet fornemmer lukt. Då treng ikkje 50% av befolkninga kjenna noko.

Kjemiske forbindelsar som luktar, og kva lukta liknar på.
Illustrasjon frå Line Blytt sin presentasjon på møtet 18.november i Tysvær.
Eksponering for lukt
Frekvens, intensitet, kor lenge ein vert eksponert for lukta, oppleving og lokalisering har betyding for luktutslepp. Ein kan oppleva lukt mange år etter at lukta er forsvunne, som for eksempel opplever folk framleis «Mosselukta» – og kanskje sildoljelukta i Haugesund.
Terrenget betyr myke
Terrenget betyr meir enn avstanden frå luktkjelda. Lukta kan følgja kanalar i landskapet, eller legga seg som lokk høgt over bakkenivå, og brått ramla ned til bakken. Derfor må biogassanlegg vurdera om det er truleg at lukta vil berøra naboar.
Kor skjer luktutsleppa
Biogassproduksjon skjer ved at organisk materiale vert brote ned utan luft til metan, CO2 og vassdamp. H2S-gass kan oppstå under prosessen. Luktutsleppa kan skje både frå lagertankar, opne hallar, ved lasting/lossing, skitne anlegg, fakkel, ventilar eller prosessluft. Derfor må alltid biogassanlegga gjennomføra ein risikoanalyse for å vurdera kor truleg utsleppa vil vera. Det er store krav til at anlegga har gode rutinar og kontroll på prosessen. Teknologien for luftreinsing skal tilpassast anlegga.
Biorest luktar annleis
Bioresten luktar mindre enn husdyrgjødsel då flyktige organiske forbindelsar vert brotne ned under råtneprosessen. Biorest, eller biogjødsel, inneheld alle plantenæringsstoffa, og er godt eigna som gjødsel for bonden slik husdyrgjødsla er.
God kommunikasjon er viktig
Biogassanlegga skal korkje pynta på sanninga, men heller ikkje overdriva risikoen for luktutslepp. Men dei bør ikkje lova meir enn dei kan halda. Dei må ta naboar og andre rundt seg på alvor, og skapa gode kommunikasjonsrutinar.
Mange bønder møtte på fagmøtet
70 personar møtte på fagmøtet. Av dei frammøtte var om lag 2/3 bønder i tillegg til biogassinitiativa, kommunalt tilsette, statsforvaltar, rådgiving, politikarar og elevar frå Tveit vidaregåande skule.
Prosjektet «Kan biogass løysa fosforoverskotet i landbruket?»
Fagmøtet var del av prosjektet «Kan biogass løysa fosforoverskotet i landbruket?» som er eit samarbeid mellom kommunane Klepp, Hå, Klepp, Time, Stavanger, Vindafjord, Karmøy og Tysvær, samt Statsforvaltaren i Rogaland. Dei leiger prosjektleiing frå Rogaland Landbrukspark.
Prosjektet er finansiert av næringsutviklingsmidlar til Rogaland fylkeskommune og Statsforvaltaren i Rogaland sine skjønnsmidlar med eigenandel frå dei deltakande kommunane.
Fagmøtet var i samarbeid med Rogaland biogassnettverk og Rogaland Bondelag.
