Vinterlandbruksskulen i Ryfylke blir nytt medlem i Rogaland Landbrukspark

IMG_3397

Vinterlandbruksskulen i Ryfylke blir medlem i Rogaland Landbrukspark frå i vår av.

  • Det er bra at fleire naturbruksskular i fylket no er med i Landbruksparken, seier Ingvild Luteberget Nesheim, rektor ved Vinterlandbruksskulen i Ryfylke.
  • Skulen er liten, og vil kunna dra nytte av det faglege nettverket i Landbruksparken.

Styret i Rogaland Landbrukspark ønskjer å ha ein open organisasjon, og har så langt lagt vekt på at medlemsorganisasjonane gjerne har ei forankring i FoU, rådgiving og undervisning. 

For landbruket er det ein styrke å stå saman om dei oppgåvene ein kan samlast om.

Vinterlandbruksskulen i Ryfylke tilbyr agronomutdanning for vaksne, og komande år blir undervisninga lagt til Sauda.

  • Det er større søknad til skulen komande år enn det er plassar til, held Ingvild fram – og det er kjekt. 
  • Skulen er liten og oversiktleg. Me har berre ein klasse i året, og elevane får moglegheit til å bli godt kjend. Tidlegare elevar framhevar godt klassemiljø, og eit nettverk også etter at skulen er ferdig, som ein viktig sideeffekt av skulen.

Styreleiar i Rogaland Landbrukspark, Arne Sæbø, ser fram til å få Vinterlandbruksskulen i Ryfylke som ein del av Landbruksparken.