Biogassmiljøet inviterer til studietur til Tyskland

Biogassmiljøet inviterer alle biogassinteresserte til studietur til Tysland i mars for å finna meir ut om tekniske løysingar for å handtera næringsstoffa i bioresten.

Turen er pr i dag fullteikna, men det er råd å setja seg på venteliste.

Avreise er 4.mars, to alternative heimreisedagar: 6.mars; eller 7.mars for dei som ønskjer ein dag med besøk på gardsanlegg.

Meld på venteliste her innan torsdag 25.januar.

Biogassproduksjon i Tyskland.
I 1980-åra var det stort overskot av landbruksprodukt i EU, smørberget. I Tyskland skulle store landareal leggast brakk for å hindra overproduksjonen.

Tyskland valde ein anna strategi. Dei starta produksjonen av energivekstar, særleg mais. Frå 1992 til i dag er det bygd om lag 10 000 biogassanlegg i landet. Det er satsa på større og mindre gardsanlegg, som del av distriktspolitikken. Det blir produsert straum og varme.

Regelverket med bakgrunn i Erneuerbare Energi Gesetz EEG gir 20 års garanti for fast pris på avtalt mengde el-kraft. Som insentiv for utnyttinga av restvarmen frå biogassgeneratoren, blir det gitt 3 cent ekstra i støtte. Dette har stimulert til teknologi- og produktutvikling for å utnytta restvarmen på nye måtar, bl.a. nytta næringsstoffa i bioresten på nye måtar som eit kommersielt produkt.

 

Rogaland biogassnettverk ved Helga Hellesø og Peter Willmann har utvikla programmet og står for den praktiske gjennomføringa av studieturen.