Invitasjon til inspirasjonssamling i prosjektet “Betre bondevelferd”

Tema: Den trygge rådgjevaren

Dato: 14.mars kl. 09.00-15.00. Solastranden Gård.

 

Prosjektet “Betre bondevelferd” inviterer deg som jobbar som rådgjevar til inspirasjonssamling på Solastranden Gård.

Som rådgjevar i landbruket er kontoret ofte ute hjå bøndene.

  • Men kva gjer ein når ein opplever at den ein skal møte har ein aggressiv framtoning?
  • Kva seier ein til bonden som legg inn i ein bisetjing at partneren har fått kreft, og at det ikkje alltid er så lett å komme seg ut på fjøsrunden lenger?
  • Kven kan ein kontakte for å lufte si bekymring?

På denne samlinga vil me belyse ulike problemstillingar som ein kan møte ute på besøk, og gi tips og innspel til korleis ein kan handtere dei ulike situasjonane.

Me har mellom anna  henta inn nyleg avgått politibetjent, Tommy Stoltenberg. Då han gjekk av som politi møtte fleire av dei han hadde gitt bøter opp på jobben for å ynskje han lukke til videre. Korleis kunne dette komme i stand? Det handlar om korleis ein møter menneske, uansett kva dei har gjort, meiner Tommy. Fleire foredragshaldarar vert annonsert etter kvart som dei vert endeleg bekrefta.

Det kan verte småjusteringar i tidspunkta, endeleg program vert ettersendt når det er klart.

Førebels program

09.00     Registrering. Kaffe og frukt

09.15    Velkommen v/ Oddvar Vignes Prosjektleiar. Orientering om prosjekt

09.25     Den muntre Politibetjenten. Tommy Stoltenberg, politi

10.15     Orientering om Bondens nettverk. Anita Jensen, NLR

10.25     Pause

10.40     Korleis møte aggresjon i kundemøtet? Eit foredrag om dei ubehagelege møta, fokus på samtaleteknikk og deeskalering av vanskelege situasjonar. Foredragshaldar vert annonsert seinare.

11.30     Spørsmål frå salen

11.40     Lunsj

12.20     Difor er rådgjevarrolla di viktig for norsk landbruk. Eit annleis motivasjonsforedag. Foredragshaldar vert annonsert seinare.

12.40     Bondesignal, det nye kusignalet? Peder Skåre, Sparebank 1.

13.00     Kort beinstrekk

13.05     Vil du vere kontrollør eller samarbeidspartner? Korleis bygger du rolla som rådgjevar? Eit foredrag om menneskemøte og korleis ein kan verte trygg i rolla si. Foredragshaldar vert annonsert seinare.

13.55     Pause

14.10     Samtaler i grupper rundt førre foredrag.

14.50     Difor er eg ein stolt rådgjevar. Foredragshaldar vert annonsert seinare.

14.55     Oppsummering og vel heim. Oddvar Vignes, prosjektleiar

 

Me trur og håpar at me i løpet av dagen får inspirert og formidla kor viktig rollen som rådgjevar er for dagens landbruk og bønder. Me gler oss til å treffe dykk!

 

Påmelding HER innan måndag 07.03; avgrensa tal plassar, så sikra deg plass tidleg.

Samlinga er gratis, men møter du ikkje opp/sein avmelding, kan det hende at me må fakturere for serveringa.

Send gjerne invitasjonen til dei du meiner samlinga er relevant for i organisasjonen din og til andre.

 

På vegne av prosjektet «Betre bondevelferd»

Prosjektleiar Oddvar Vignes

 

Prosjektet “Betre bondevelferd” har som mål å trygge og utvikle rådgjevarane i møte med bonden. Prosjektet går over to år, med både fysiske og digitale samlingar på Teams.


Rogaland Landbrukspark er prosjekteigar, og gjennomfører prosjektet i tett samarbeid med slakteria Fatland, Nortura og Prima Slakt, samt Statsforvaltaren i Rogaland. Oddvar Vignes er prosjektleiar.