Stormøte på Haugalandet «Kva betyr biogassproduksjon for meg som bonde?» 18.november kl. 09.30–14.00 i Tysværtunet kulturhus

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Landbruket, forvalting, rådgiving, næringsliv, politikarar og andre biogassengasjerte er inviterte til fagmøtet.

Fem biogassinitiativ i Rogaland har fått støtte:

  • Vireo på Karmøy, Havila i Tysvær og Biovind i Vindafjord.
  • Bio Jæren i Hå og Bioenergi Finnøy i Stavanger.

Fleire andre initiativ i Rogaland er på ulike stadar i planlegginga.

  • Kva utfordringar har biogassanlegga, og korleis løysa dei?
  • Kva med bondens økonomi og tilpassingar på garden?
  • Korleis påverkar nytt gjødselregelverk?

 

Program

  • 09:30 Frammøte, kaffi og småprating
  • 10:00 Velkommen. Monica Dahlmo, Statsforvaltaren i Rogaland.
  • 10:10 Økonomien for bonden ved å levera til biogassanlegg. Mari Aker, NLR.
  • 10:40 Luktutfordringar frå biogassproduksjonen. Line Blytt, Norwaste.
  • 11:10 Tiltak på garden min for å redusera fosforinnhaldet i husdyrgjødsel og jord.
    Jan-Arild Anda, lærar på Vinterlandbruksskulen på Jæren og bonde.
  • 11:25 Spørsmål og kommentarar.
  • 11:30  Lunsj.
  • 12:30 Bonden og biogass. «Sofaprat» om erfaringar og refleksjonar med bøndene Torleif Stople og
    Jon Qvale. Bondelagsleiar Ståle Hustoft er ordstyrar.
  • 50 Biogassanlegg og fosforutfordringa. Korleis handterer vi utfordringa?
    Reinhard Lund-Mikkelson, Vireo AS.
  • 13:10 Gjødselregelverk og bonden. Nono Dimby, Statsforvaltaren i Rogaland
  • 13:40 Spørsmål og kommentarar.
  • 13:50 Avslutning. Monica Dahlmo, Statsforvaltaren i Rogaland.
  • 14.00 Vel heim!

 

For å ha mat til alle, ber me om påmelding innan 10.november.

Kostnad:         bønder og elevar: kr. 375 inkl. mva., andre kr. 750 inkl. mva.

Velkommen!

 

Prosjektet «Kan biogass løysa fosforoverskotet i landbruket?» er ei felles offentleg satsing for å få fram kunnskap om biogass, og legga til rette for kunnskapsformidling ved innføring av nytt gjødselregelverk.

Hensikta med satsinga er:

  1. Å støtta biogassinitiativa i Rogaland for å redusera klimagassutsleppa og styrka landbruket som næring. Berekraftige løysingar ved produktutvikling av bioresten og auka verdiskaping i landbruket er viktig for Rogaland som landbruks- og matregion. 
  1. Å styrka kommunane ved å legga til rette for kompetanseheving ved innføring av nytt gjødselregelverk. 

Klepp kommune eig prosjektet og samarbeider med kommunane Hå, Klepp, Time, Stavanger, Vindafjord, Karmøy og Tysvær, samt Statsforvaltaren i Rogaland.

Prosjektet er finansiert av næringsutviklingsmidlar til Rogaland fylkeskommune og Statsforvaltaren i Rogaland sine skjønnsmidlar med eigenandel frå dei deltakande kommunane.