Mange interesserte bønder på biogassmøte i Tysvær

70 personar fann vegen til Tysværtunet kulturhus der biogass og bonden var tema. Av dei frammøtte var om lag 2/3 bønder i tillegg til biogassinitiativa, kommunalt tilsette, statsforvaltar, rådgiving, politikarar og elevar frå Tveit vidaregåande skule.
Illustrasjon: Helga Hellesø
Lukt og biorest frå biogassanlegg, bondens økonomi og tilpassingar på garden, samt nytt gjødselregelverk og agronomiske tiltak for å redusera fosforinnhaldet i jorda vart tatt opp på fagmøtet 18.november i Tysvær. Tid til ein sofaprat mellom tre kloke menn vart det også.
Lukt = følelsar
Lukt påverkar oss, og lukt er følelsar. Og me opplever lukt så forskjellig. Det som er vond lukt for ein, reagerer ikkje ein annan på. Derfor er lukt eit vanskeleg tema. Det er gjerne nitrogen- og svovelforbindelsar ein kjenner, og det skal små konsentrasjonar til før ein merkar dei.
Krav om god kontroll på produksjonen
Luktutsleppa kan skje både frå lagertankar, opne hallar, ved lasting/lossing, skitne anlegg, fakkel, ventilar eller prosessluft. Biogassanlegga må gjennomføra risikoanalyse for å vurdera kor truleg utsleppa vil vera. Anlegga har gode rutinar og kontroll på prosessen. Teknologien for luftreinsing skal tilpassast anlegga. Biogassanlegga må ta naboar og andre rundt seg på alvor, og skapa gode kommunikasjonsrutinar. Dette kom fram i Line Blytt frå Norwaste sitt foredrag, som du kan lesa meir om her.
Krav til bioresten i gjødselvareforskifta
Biorest er vurdert som ein ressurs i nytt gjødsleregelverk, og skal vera del av gjødslingsplanen på garden i ny gjødselbrukforskrift, poengterte Nono Dimby, Statsforvaltaren i Rogaland. Derimot set eit anna lovverk, gjødselvareforskrifta, strenge krav til bioresten. Bioresten har krav om varedeklarasjon. Substrata inn i biogassanlegga skal vera godkjente, og fosforinnhaldet i bioresten skal vera kjent. Mellom anna er ikkje fiskeensilasje og fiskeslam automatisk godkjente som substrat inn i biogassanlegg. Desse substrata krev godkjenning av Mattilsynet.
Vil ikkje ha plast i bioresten
Gjødselvareforskrifta krev at «Den samlede mengden glass, metall og plast over to millimeter i den ferdige gjødselvaren skal være lavere enn fem gram per kilogram tørrstoff. I gjødselvarer produsert etter 1. januar 2026 skal likevel mengden plast være lavere enn 2,5 gram per kilogram tørrstoff.
Virksomheter skal gjennomføre tiltak for å fjerne glass, metall og plast over to millimeter før behandling eller lagring.» (§ 28 i gjødselvareforskrifta)».
Krav til tak på lager og SMIL-midlar
Biorest levert garden har aktive bakteriar. Derfor skal biorest lagrast i anna lager enn fersk husdyrgjødsel. For å hindra tap til lufta, skal det krav om tak på lageret. Sidan det ikkje er biogassproduksjon av husdyrgjødsel i fylket i dag, er det rom for bruk av SMIL-midlar til tak.
Dekanter for å fjerna fosfor
Vireo AS som bygger Hardanger Biogass i Kvinnherad, skal bruka dekanter-teknologi for å fjerna fosfor ut av kommunen, fortel Trond Mykjebust, driftsleiar. Store volum gjer at kostnadene med å transportera fosforrikt organisk materiale til andre stader av landet, blir store. Biorest kan erstatta mineralgjødsel i område som manglar husdyrgjødsel. Det vil også påverka jordlivet positivt.
Økonomien varierer mellom gardane
Mari Aker, NLR, viste til eit økonomi-prosjekt som er gjennomført for Rogaland biogassnettverk. Fire gardar vart undersøkte, og økonomien ved å levera husdyrgjødsel til biogassanlegg varierte stort mellom gardane. Tilsvarande analyse er gjort for gardane som skal levera til biogassanlegget på Voss. Den viser eit totalt positivt økonomisk resultat. Forskjellane mellom gardane varierer også her. Logistikken på garden, behovet for nytt gjødsellager, pumping, transport, mengde gjødsel levert og fordelinga av tilskotet er faktorar som påverkar lønsemda. Meirverdien av biorest framfor husdyrgjødsel er vanskeleg å slå fast. Eit forsiktig estimat tilseier 5-10 kr/m3.

Økonomien varierer mellom gardane for å levera gjødsel til biogassanlegg. Mari Aker viser resultat frå eige arbeid. Foto: Helga Hellesø.
Reduserer fosforinnhaldet i jorda på garden sin
Jan-Arild Anda er bonde i Klepp og lærar på Vinterlandbruksskulen på Jæren. Med bevisste val av kraftfôr til dyr kombinert med agronomiske tiltak for å oppnå høge grasavlingar og stort opptak av fosfor frå joda, har han redusert fosforinnhaldet i jorda på garden sin. Driftsopplegget krev rett pH i jorda og godt jordliv. Analysar av gjødsla viser eit lågare innhald enn standard tal brukte i regelverket. Han stiller det rettmessige spørsmålet korleis han skal bli tilgodesett for lågare mengde fosfor i gjødsla i nytt regelverk?

Jan-Arild Anda, bonde i Klepp og lærar på Vinterlandbruksskulen på Jæren, har tatt viktige grep for å redusera fosforinnhaldet i jorda på garden sin. Foto: Anders Bøen Gravdal.
Sofaprat
Sofapraten mellom Jon Qvale, Torleif Stople og Ståle Hustoft, tre kloke bønder, konkluderte med at skal ein lukkast må det vera økonomisk lønnsamt for både investor og bonden. Tipset er 2 anlegg etablerte på Haugalandet innan 2030.

Med 30 års erfaring frå utlandet, burde det tatt kortare tid å etablera biogassanlegg. Men det må vera økonomi i alle ledd – både for biogassprodusent og bonde. Dette kom fram i sofapraten mellom Torleif Stople, f.v., Jon Qvale og Ståle Hustoft. Foto: Helga Hellesø
Løysingar på systemnivå
Landbruksdirektøren i Rogaland, Monica Dahlmo, ønska velkommen og runda av møtet. Hennar bodskap var at nytt gjødselregelverk rammar Rogaland hardt, men at biogassproduksjonen kan bidra til å løysa utfordringane på systemnivå.
Mange bønder møtte på fagmøtet
70 personar møtte fram til på fagmøtet denne tysdagen i november. Av dei frammøtte var om lag 2/3 bønder i tillegg til biogassinitiativa, kommunalt tilsette, statsforvaltar, rådgiving, politikarar og elevar frå Tveit vidaregåande skule.
Prosjektet «Kan biogass løysa fosforoverskotet i landbruket?»
Fagmøtet var del av prosjektet «Kan biogass løysa fosforoverskotet i landbruket?» som er eit samarbeid mellom kommunane Klepp, Hå, Klepp, Time, Stavanger, Vindafjord, Karmøy og Tysvær, samt Statsforvaltaren i Rogaland. Dei leiger prosjektleiing frå Rogaland Landbrukspark.
Prosjektet er finansiert av næringsutviklingsmidlar til Rogaland fylkeskommune og Statsforvaltaren i Rogaland sine skjønnsmidlar med eigenandel frå dei deltakande kommunane.
Fagmøtet var i samarbeid med Rogaland biogassnettverk og Rogaland Bondelag.