Invitasjon til temamøte «Status for biogassproduksjonen i Rogaland» 22. mai kl. 12.00–14.00 på Teams

Foto: Ane Harestad, NLR

Fem biogassinitiativ i Rogaland har fått Enova-støtte:

  • Bio Jæren i Hå og Bioenergi Finnøy i Stavanger.
  • Vireo på Karmøy, Havila i Tysvær og Biovind i Vindafjord.

Fleire andre initiativ i Rogaland er på ulike stadar i planlegginga.

For bonden er det viktig å vita kva gevinsten blir ved å levera til biogassanlegg.

Agenda

  • Velkommen.
  • Biogass i klimakalkulatoren. Kva er bondens gevinst?
    Malin Olsen Wedaa, forskar på NMBU med klimagassutslepp frå husdyrproduksjon som eit fagfelt.
  • Planane våre for biogassproduksjon i Rogaland. Initiativa presenterer seg:
    Bioenergi Finnøy AS, Bio Jæren AS, Biogy Solutions AS, St1 Biokraft AS, Biovind AS, Dalane Biogass AS, Havila AS Haugalandet og Årdal Aqua AS.
  • Verdsetjing av klimagevinsten. Kva rører seg rundt oss.
    Peter Willmann, Klepp kommune og biogassatsinga.
  • Diskusjon – spørsmål og kommentarar.
  • Avslutning.

 

Påmelding her innan 1 time før.

Hald av tidspunktet i kalenderen! Alle påmeldte får kalenderinnkalling til Teamsmøtet.

Velkommen!

 

Møtet er i samarbeid med Rogaland biogassnettverk.

Ønskjer du å delta i biogassnettverket, kan du melda deg på her.  

Lik oss gjerne på Facebook

 

Prosjektet «Kunnskapsløft for robust klimaomstilling i Rogaland» er ei felles offentleg satsing for å få fram kunnskap om biogass, og legga til rette for kunnskapsformidling ved innføring av nytt gjødselregelverk.

Hensikta med satsinga er:

  1. Arbeidet skal støtta biogassinitiativa i Rogaland for å redusera klimagassutsleppa og styrka landbruket som næring. Berekraftige løysingar for auka verdiskaping i landbruket er viktig for Rogaland som landbruks- og matregion. 
  1. Det vert arbeidd med å finna ut av klimagevinsten og CO2-kvotar, samt verdien av biogassatsinga for den enkelte bonde. 
  1. Arbeidet skal styrka kommunane ved å legga til rette for kompetanseheving ved innføring av nytt gjødselregelverk. Det vert lagt til rette for ulike møtestader der kommunane sine ulike behov kjem fram som grunnlag for prioriteringar i arbeidet. Bruk av bioresten vil også vera eit aktuelt tema framover.

Klepp kommune eig prosjektet. Kommunane Hå, Time, Stavanger og Vindafjord, samt Haugaland Vekst og Statsforvaltaren i Rogaland er med på satsinga.

 

Prosjektet er finansiert av næringsutviklingsmidlar til Rogaland fylkeskommune og Statsforvaltaren i Rogaland sine skjønnsmidlar med eigenandel frå dei deltakande kommunane.