Invitasjon til digitalt temamøte «Ny mal for tillatelse til avfallsanlegg etter forurensingslova – regelverk, praksis og utfordringar» 16.juni kl. 10.00–11.30 på Teams

Lukta kan koma frå lagring, opne hallar, ved inn- og uttransport eller ureine anlegg mm. Bilde frå anlegg i Danmark. Foto: Helga Hellesø
Biogass er ei næring i utvikling, og spelar ei viktig rolle for betre utnytting av organiske ressursar. Samstundes er biogass framleis ei relativt ny næring, der både forvaltning og bransje har behov for meir kunnskap og erfaring for å sikra gode og føreseielege prosessar.
Fleire saker knytt til utsleppsløyve og regelverk har fått stor merksemd i biogassmiljøet, mellom anna klagesaker som har vore behandla av Miljødirektoratet som endeleg klageinstans. Samstundes er det utarbeidd ein ny «Mal for tillatelse til avfallsanlegg etter forurensningsloven». Kan denne bidra til meir føreseieleg forvalting for ei ny næring?
Biogassproduksjon blir regulert av fleire ulike lovverk, og grenseflatene mellom desse kan vera krevjande både for anleggseigarar og myndigheiter. Kunnskap om offentlege kvalitetskrav til biorest, og tydeleg kommunikasjon om kva parameter og vurderingar som ligg til grunn i sakshandsaminga, kan bidra til enklare og meir føreseielege prosessar for næringa.
Desse problemstillingane viser behovet for auka kunnskap og dialog om forvalting av biogassanlegg. Dette ønskjer vi å setja søkjelys på gjennom dette møtet.
Agenda
- Velkommen og innleiing.
Peter Willmann, Klepp kommune, prosjekteigar. - Forureiningslova, avfallsforskrifta og presentasjon av ny mal for utsleppsløyve – kan dette gi meir føreseieleg forvalting?
Miljødirektoratet. - Erfaringar frå konkrete saker og vurderingar etter forureiningslova.
Elisabeth Time Ellingsen, Statsforvaltaren i Rogaland. - Lovverka biogassanlegg må forhalda seg til, og grensedraginga mellom desse.
Gro Bjerga, Forskningsleder NORCE. - Diskusjon: Kva skaper gode og føreseielege prosessar for biogassanlegg?
Spørsmål og kommentarar frå deltakarane. - Oppsummering og avslutning.
Påmelding her innan 1 time før.
Hald av tidspunktet i kalenderen! Alle påmeldte får kalenderinnkalling til Teamsmøtet.
Velkommen!
Prosjektet «Kan biogass løysa fosforoverskotet i landbruket?» er ei felles offentleg satsing for å få fram kunnskap om biogass, og legga til rette for kunnskapsformidling ved innføring av nytt gjødselregelverk.
Klepp kommune eig prosjektet og samarbeider med kommunane Hå, Time, Stavanger, Vindafjord, Karmøy og Tysvær, samt Statsforvaltaren i Rogaland.
Prosjektet er finansiert av næringsutviklingsmidlar til Rogaland fylkeskommune og Statsforvaltaren i Rogaland sine skjønnsmidlar med eigenandel frå dei deltakande kommunane.


