Rogaland blir hardt ramma ved skjerpa spreiearealskrav

På oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet har NIBIO vurdert konsekvensane av forslaget til innstramming av spreieareal i nyleg utgitt rapport Samfunnsøkonomisk effektiv håndtering av økt gjødseloverskudd. Her følgjer korte utdrag frå rapporten.  

Bakgrunn

I 2018 oversendte Landbruksdirektoratet forslag til ny gjødselvareforskrift til Landbruks- og matdepartementet med forslag om innstramming av spreiearealet. Innstramminga vart vurdert som eit middel for å oppnå måla om god vasskvalitet i vassforskrifta.

Landbruksdirektoratet foreslo høgste lovlege mengde fosfor pr da til 3,0 kg, og at mengda vert trappa ned til 2,5 kg fosfor pr da etter ytterlegare 10 år. Miljødirektoratet ønska strengare tiltak med eit tak på 2,1 kg fosfor pr da.

 

Rogaland kjem dårleg ut

I konsekvensutgreiinga til NIBIO er Rogaland det fylket som kjem dårlegast ut med størst mangel på spreieareal. Ved 3 kg fosfor pr da vil 891 føretak i Rogaland mangla spreieareal, og over 1382 føretak vil ha for lite areal ved størst innstramming på 2,1 kg fosfor pr da. Endringane i spreiearealskrav vil føra til utfordringar for fleire driftseiningar, og om lag 30 % av alle føretak som vil få problem, ligg i Rogaland.

Hå, Klepp, Time og Finnøy er kommunane som vert hardast ramma med underskot i spreieareal frå 77 343 da til 22 025 da med Miljødirektoratet sitt forslag.

 

Alternative metodar å handtera eit overskot av gjødsel på

Redusert dyretal vert drøfta som eit alternativ, som går ut over sjølvforsyning og geografisk spreidd produksjon. Det er usikkert om mindre matproduksjon, særleg av storfe og gris, vil kunna kompenserast med auka produksjon i andre delar av landet. Den miljømessige effekten vil også vera avhengig av kva dyreslag reduksjonen eventuelt kjem på, og er ikkje drøfta nærare i rapporten. Korleis redusert dyretal vil påverka det privatøkonomiske er heller ikkje drøfta i rapporten, og heller ikkje kostnader og realitetar knytt til flytting av produksjonar og effektar på industrien.

Biogassproduksjon kan vera ei løysing. Sluttproduktet etter biogassproduksjon, bioresten, kan separerast i ein våt del med høgt nitrogeninnhald og ein tørr del med høgt fosforinnhald. Den nitrogenrike våte delen kan fraktast tilbake til gardane og spreiast på jorda, medan den faste fosforrike delen må transporterast ut av området. Alternativt vidareutvikla den tørre delen til nye produkt som kan transporterast til område med underskot av organisk materiale og forfor. Då må den økonomiske verdien av å levera til biogassanlegg vera større enn tapet ved redusert dyrehald/andre alternativ, dersom dette skal vera interessant for den enkelte. Biogassproduksjon har også effekt på klimagassane, då det vert produsert metan og CO2, som vil kunna erstatta fossile energikjelder.

 

Store kostnader knytt til biogassproduksjon

Dei samla samfunnsøkonomiske konsekvensane (utan støtteordning) av biogassproduksjon vil vera på 7,6 milliardar kroner ved 3 kg fosfor pr. da, og på nesten 13 milliardar kroner ved eit krav på 2,1 kg fosfor pr. da.

Skal biogassanlegg bli lønnsame, må målretta virkemidlar bidra til at dette kan bli ein realitet. Rapporten Virkemidler for økt bruk og produskjon av biogass frå Miljødirektoratet viser at virkemiddelbruken i dag er for uoversiktleg med mange ulike støtteordningar for både bruk og produksjon av biogass. Desse vert forvalta av ei rekke aktørar som ikkje nødvendigvis formelt samarbeider, og peikar på at det er behov for eit meir strømlinjeforma system.

Usikker miljøeffekt

Innføring av vassdirektivet var i si tid bakgrunnen for revidering av gjødselvareforskrifta. Avrenning av fosfor frå jordbruksareal er påverka av mange faktorar, og rapporten slår fast at det er usikkert om eit skjerpa krav til spreieareal med gitt tal kg fosfor pr. da er ei hensiktsmessig tilnærming der målet er å redusera fosforavrenning frå jordbruksareal for å betra vasskvaliteten.

Lang prosess

Arbeidet med revidering av gjødselvareforskrifta tar lang tid. Det er eit omfattande arbeid som kan ha store konsekvensar for den enkelte matprodusent, men også for matsikkerhet og matindustrien, og då må ein ha eit solid grunnlag å ta avgjerder på. Det er enno mange hol å fylla i kunnskapsgrunnlaget.

 

Sjå rapporten frå NIBIO: Samfunnsøkonomisk effektiv håndtering av økt gjødseloverskudd.

Les meir på Statsforvaltaren sine sider.